Fylkesdirektør Knut Sletta blir ny jernbanedirektør

 
Fylkesdirektør Knut Sletta blir ny jernbanedirektørFylkesdirektør Knut Sletta.
– Knut Sletta har lang erfaring frå offentleg forvalting, mellom anna frå samferdselssektoren rundt Oslo-området. Denne kompetansen gir han ein god og brei bakgrunn for å leie Jernbanedirektoratet, som skal utvikle jernbanen i Noreg som ein del av det samla transportsystemet, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide.

Fylkesdirektør Knut Sletta er i statsråd i dag tilsett som ny jernbanedirektør for eit åremål på seks år. Han tiltrer stillinga 1.september 2021.  

Tidlegare jernbanedirektør Kirsti Slotsvik sa i november i fjor opp si stilling for å leie eit utviklingsselskap i Ålesund. Hun slutta i Jernbanedirektoratet i februar i år. Marit Rønning er fungerande jernbanedirektør fram til Sletta byrjar i stillinga.

Samfunnsøkonom med lang erfaring frå offentleg forvalting
Knut Sletta er 54 år og bur på Harestua. Han blei utdanna samfunnsøkonom ved Universitetet i Oslo i 1992.

Sletta har arbeidd i alt 15 år i Kunnskapsdepartementet, inkludert ni år som avdelingsdirektør. I 2008 blei han tilsett som kundedirektør i Direktoratet for økonomistyring (no Direktoratet for forvaltning og økonomistyring), før han i 2012 blei fylkesdirektør i Akershus fylkeskommune. Sletta overtok som assisterande fylkesrådmann i 2016, og seinare fylkesrådmann. Frå 2020 har han vore fylkesdirektør for samferdsel i Viken fylkeskommune.

Om Jernbanedirektoratet
Jernbanedirektoratet har eit heilskapleg ansvar for samordning, avtalestyring og koordinering av jernbanesektoren. Ei sentral oppgåve er å ivareta direktoratets ansvar for overordna planlegging, budsjett og avtalestyring med sentrale aktørar i jernbanesektoren.

Direktoratet er Samferdselsdepartementets faglege rådgjevar i jernbanespørsmål og er tingar av tenester innan infrastruktur og persontrafikk.

 

 
 
 
 

Stilling ledig

Vise alle ledige stillinger

Byggekostnadskalkulator

Byggekalkulatoren gir deg et enkelt prisanslag for byggeprosjekter basert på areal og geografisk område.

Avansert byggekostnadskalkulator
Klikk her for å logge inn

Produktnyheter

Vis alle

  

Bransjekommentar

Vis alle

  

Siste papirutgave

 
 
 
Retningslinjer for datahåndtering, personvern og informasjonskapsler

Ved å surfe videre på vår hjemmeside og bruke våre tjenester godkjenner du at vi samler inn data om dine besøk. I vår personvernerklæring forklarer vi hvilke data vi samler inn, hvorfor vi samler dem inn og hva vi bruker dem til. Les mer...

OK, jeg forstår