Gjennomslag i Nogvafjordtunnelen

 
Gjennomslag i NogvafjordtunnelenBildet: Tilsette i Møre og Romsdal fylkeskommune, Skanska og dei to skytebasvikarane Eva Vinje Aurdal og Frida Otterlei på røysa etter gjennomslaget. Foto: Svein Skeide
Elevrådsleiar Frida Otterlei ved Haramsøy skule og ordførar Eva Vinje Aurdal fekk æra av å skyte gjennomslagssalva på Nogvafjordtunnelen tysdag 4. mai.

Frida Otterlei representerte barn og ungdom på Nordøyane. Ålesundsordføraren leiar ein kommune som blir tettare knytt saman når det blir døgnope samband mellom dei fem øyane og fastlandet.

Bildet: Ordførar Eva Vinje Aurdal, bas Bjørn Presthus i Skanska og elevrådsleiar Frida Otterlei ved Haramsøy skule. Foto: Svein Skeide

Med gjennomslaget er også tunneldrivinga på Nordøyvegen ferdig. Totalt er det sprengt om lag 1,3 mil tunnel, fordelt på dei tre undersjøiske tunnelane Haramsfjordtunnelen (3500 meter), Fjørtoftfjordtunnelen (3680 meter) og Nogvafjordtunnelen (5730 meter) og miljøtunnelen Burbergtunnelen (170 meter) på Fjørtofta. 

Lengste tunnelen

Nogvafjordtunnelen er den lengste av dei tre undersjøiske tunnelane og er også tunnelen som har vore mest utfordrande å drive.

- Spesielt frå Longva har vi hatt utfordringar med dårleg fjell og inntrenging av grunnvatn. Det har vore mange og lange periodar med tung sikring og tetting av berg. Og det har vore jobba veldig godt sjølv om det ikkje alltid har vore synleg i meter framdrift, seier prosjektleiar Marianne Nærø i Møre og Romsdal fylkeskommune.

To år med driving

Tunneldrivinga starta frå Longva i mars 2019 og frå Fjørtofta i juni 2019. 2502 meter av tunnelen er driven frå Longva og 3218 meter frå Fjørtofta. 

No startar etterarbeida også i Nogvafjordtunnelen. Anleggsvegen gjennom tunnelen blir fjerna før den nye vegen blir bygd opp med dreneringssystem, reinseanlegg for tunnelvatn og eit omfattande elektroarbeid før monteringa av lys, vifter og tryggleikssystem startar. 

Opnar sommaren 2022

Nogvafjordtunnelen mellom Longva og Fjørtofta og Fjørtoftfjordtunnelen mellom Fjørtofta og Harøya blir opna når heile Nordøyvegen opnar for trafikk sommaren 2022. 

Kilde: Møre og Romsdal fylkeskommune

 

 
 
 
 

Stilling ledig

Vise alle ledige stillinger

Byggekostnadskalkulator

Byggekalkulatoren gir deg et enkelt prisanslag for byggeprosjekter basert på areal og geografisk område.

Avansert byggekostnadskalkulator
Klikk her for å logge inn

Produktnyheter

Vis alle

  

Bransjekommentar

Vis alle

  

Siste papirutgave

 
 
Retningslinjer for datahåndtering, personvern og informasjonskapsler

Ved å surfe videre på vår hjemmeside og bruke våre tjenester godkjenner du at vi samler inn data om dine besøk. I vår personvernerklæring forklarer vi hvilke data vi samler inn, hvorfor vi samler dem inn og hva vi bruker dem til. Les mer...

OK, jeg forstår