Prioriterer Ny lufthavn Bodø

 
Prioriterer Ny lufthavn BodøBildet: Regjeringa foreslår å løyve 250 millionar kroner for å ta høgde for behov for økonomisk støtte til Avinor i andre kvartal i år. Illustrasjonsfoto: Bodø kommune.
Revidert nasjonalbudsjett: Regjeringa vil gi Avinor økonomisk handlingsrom til å kunne vedta bygging av ny lufthamn i Bodø.

– Flytting av Bodø lufthamn er viktig for byutviklinga i Bodø. Eg kan derfor forstå at dei lokalt er utålmodige etter å setje spaden i jorda. Men pandemien råka Avinor hardt økonomisk, slik at selskapet måtte utsetje utbyggingsvedtaket for den nye lufthamna.

Større økonomisk handlingsrom

- Regjeringa foreslår no å auke statens økonomiske bidrag til luftahamna, i tillegg til at staten skal påta seg halvparten av risikoen ved uventa kostnadsauke i byggjefasen. Med dette får Avinor eit større økonomisk handlingrom til å kunne gjere eit utbyggingsvedtak, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

I januar i år kunngjorde Avinor at selskapet hadde utsett utbyggingsvedtaket for den nye lufthamna i Bodø med 12 månader. Grunnen var den svekte økonomiske situasjonen i selskapet som følgje av pandemien, og at Avinor då ikkje kunne påta seg den økonomiske risikoen ved å gå i gang med utbyggingsprosjektet.

Vil ta halvparten av kostnadsrisikoen

Regjeringa foreslår å auke bidraget staten gir til den nye lufthamna med 390 millionar kroner og redusere bidraget til Avinor med same beløp. Med dette vil netto finansieringbyrde for staten utgjere 3 114 millionar kroner. I tillegg kjem utgifter til opprydding på dagens lufthamn og tilpasningar for Forsvaret på nye Bodø lufthamn.

Regjeringa vil óg ta halvparten av risikoen for uventa kostnadsauke i byggjefasen for den nye lufthamna. Med desse føreslåtte tiltaka ønskjer regjeringa å leggje til rette for at Avinor kan gjere et utbyggingsvedtak for den nye lufthamna.

I dialog med ESA   

Finansieringa av den nye lufthaman utgjer offentleg støtte etter EU/EØS-regelverket. I statsbudsjettet for 2022 løyvde Stortinget 200 millionar kroner til Avinor til planlegging av den nye lufthamna.

For å kunne utbetale offentlege midlar og gå i gang med bygging, må finansieringa på førehand vere godkjent av EFTAs overvakingsorgan ESA. Samferdselsdepartementet er i dialog med ESA om saka. Ei godkjenning er venta å vere klar i 2023. Før det kan ikkje løyvinga på 200 millionar kroner bli utbetalt.

Foreslår økonomisk støtte til Avinor

Koronapandemien har ført til ein svekt økonomisk situasjon for Avinor. Generalforsamlinga i Avinor har på denne bakgrunn gitt selskapet mellombels adgang i 2022 til å avvike eigenkapitalkravet på 40 prosent, men ikkje under 35 prosent.

Regjeringa foreslår å løyve 250 millionar kroner for å ta høgde for behov for økonomisk støtte til Avinor i andre kvartal i år. Dette vil leggje til rette for at eigenkapitalandelen til selskaper ikkje fell under 35 prosent.    

 

 
 
 
 

Stilling ledig

Vise alle ledige stillinger

Byggekostnadskalkulator

Byggekalkulatoren gir deg et enkelt prisanslag for byggeprosjekter basert på areal og geografisk område.

Avansert byggekostnadskalkulator
Klikk her for å logge inn

Produktnyheter

Vis alle

  

Bransjekommentar

Vis alle

  

Nyttekjøretøy

Vis alle

  

Siste papirutgave